Kongen ved elva

«Jeg har vært så heldig å ha to dronninger i mitt liv, Dronning Sonja og Lærdalselven – Dronninga blant lakseelver.»

Opnar 15. juni 2027:

Minneutstilling om Kong Harald V (1937-2026)

Kong Harald fekk den fyrste, den største og den siste laksen sin i Lærdalselvi.

I den nye utstillinga vår kan du opplev ukjende historier frå feriestaden hans, respekten hans for naturen som fristad, og høyre Kongen sjølv fortelje om laksefisket han var så glad i.

Historie

Kong Harald kom til Lærdal for fyrste gong i 1951. Etter at mor hans, kronprinsesse Märtha, gjekk bort i 1954, var den unge prinsen mykje her. Turane til Lærdalselvi betydde mykje for han, i ungdommen, og seinare i livet.

I over 70 år kom han tilbake. Då elva opna att i 2013 etter 17 år med fiskeforbod, vart han invitert tilbake av fiskekameratane, og han kom kvart år heilt til det siste.

Lærdal var meir enn ein stad han vitja: Elva, folka og naturen vart ein del av livet hans.

Ei skisse av fiskemodellen som skal lagast etter den siste laksen til Kongen.

Den fyrste, den største og den siste laksen

1953

Den fyrste

Den unge kronprinsen fekk den fyrste laksen sin på 4,5 kilo i Bjørkumhølen.

18,5 kg

Den største

Kongens største laks vart òg fanga i Lærdalselvi, nærare bestemt i Home pool.

2026

Den siste

Den siste laksen tok han i juni 2026. No blir han attskapt som ein naturtru modell i utstillinga.

Dette får du oppleve

Inne i besøkssenteret og ute ved elva, fotografi, gjenstandar, lyd og historier om Kongen og Lærdalselvi.

Kongens eige utstyr

Stenger, sneller, fluger og personlege gjenstandar frå fiske, jakt og friluftsliv – vist i samarbeid med Det kongelege hoff.

Ukjende historier

Fotografi frå private album og minne frå lærdøler og andre som møtte Kongen ved elva. Kanskje ditt òg.

Illustrasjonane er tidlege skisser av utstillinga.

Kongens stemme ved elva

Set deg i gapahuken ved elvebredda, høyr elva – og Kongen sjølv fortelje om fisket, naturen og friluftslivet.

Har du møtt Kong Harald V?

Gjennom eit langt liv møtte Kongen fiskarar, gardbrukarar, skuleborn og turfolk i Lærdal. Har du eit minne, eit bilete eller ei historie frå møtet med han?

Del det med oss – kanskje blir historia di ein del av utstillinga.

Naturen som fristad

For Kong Harald var elva og fjellet ein stad å kvile – og noko vi har ansvar for å ta vare på. Utstillinga løftar fram engasjementet hans for villaksen og landskapet, og vil inspirere nye generasjonar til både å bruke naturen og ta vare på han.

Planlegg besøket ditt

«Harald ved elva» opnar 15. juni 2027. Billettsalet opnar i vår.

Få beskjed når billettane er ute

Skriv inn e-postadressa di, så sender vi deg beskjed om billettar, opningsdagen og nytt om utstillinga.

Skal vi ha påmelding til nyhetsbrev her?

Kjem de som gruppe?

Skuleklassar, lag og reisefølgje kan alt no bestille omvising i utstillinga. Ta kontakt på post@villakssenter.no eller 97 53 92 92.