Utstilling inne
Utstillinga er sjølvstyrt og utan fysisk guide. Her går du på eiga hand gjennom laksen sitt livsløp – frå oppveksten i elva, via vandringa ut i storhavet, tilbake gjennom fjorden og opp fødeelva til han stansar ved fossen. Undervegs kan du lese, lytte, trykkje deg vidare og teste kunnskapen din med interaktive element og quiz. Målet er å skape refleksjon og vise kva villaksen betyr for oss.
Utstilling ute
Utstillingen ute er gratis og tilgjengeleg året rundt.
Du kan lære om laksen, livssyklusen, kva han har betydd for oss, truslane laksen møter, korleis det står til, kva som er gjort for å ta vare på han og kva som må til for å trygge laksen for framtida.
Gjennom å bruke QR-kodane på utstillinga, kan du få dybdekunnskap om du ønsker det.