Ei djupare forståing av laksen
Grunnsteinen i eit berekraftig samfunn er forståing av natur og artar sin eigenverdi, og eit samspel mellom natur og menneske, bygd på desse verdiane.
Villaksen er ein miljøindikator – har han det bra så er miljøet bra. Me ønsker difor å gje ei djupare forståing av laksen og livet hans innafor ei større ramme. Opne nye perspektiv som grunnlag for refleksjon, skape eit ønske om å vite og lære meir, skape interesse og entusiasme for å ta vare på villaksen og leveområda hans.
Nasjonalt og lokalt er det sterke spenningar og motsetnader mellom aktørar – kraftselskap, laksefiskarar, fiskerettshavarar, urfolk, oppdrettarar m.m. - med interesser knytt til villaksen og leveområda hans.
Me ønsker gjennom dialog, seminar, konferansar og samtale å legge me til rette for felles forståing og kunnskap for å samle kreftene og ta vare på villaksen.