Tur i nærområdet
Villakssenteret ligg ved Lærdalselvi, så nært at me faktisk tek elvi inn i senteret. Langs elvi er det ein flott, opparbeida gangveg (blå linje på kartet).
Elvi har klart vatn. Tek du deg ein tur, kan du med litt flaks, sjå laks og sjøaure som står der. Størst sjanse til å sjå dei har du i juli og august.
Tur til dagsturhytta
Har du lyst å sjå dalen, elva og bygda ovanfrå, er det ein lett tur opp til dagsturhytta på Mjølkeflata (raud linje på kartet). Frå hytta får du god utsikt over både Lærdal, elvi og dalføret.
Føl sti frå villakssenteret ned mot elvemunningen og kryss elvi på fortauet på brua. På den andre sida er det skilta opp til hytta. Stien opp til hytta er omtrent 1 km. Det er omlag 90 m stigning. Turen tek ca. 30 min.