Sogn Kunstsenter

Sogn Kunstsenter er eit moderne visningsrom for kunst og kultur.

To personer ser på kunstverk på en utstilling. En kvinne med lang blond hår i en grønn kjole smiler, mens en mann med kort hår og skjegg, ikledd oransje skjorte, står i bakgrunnen.

Foto: Henning A. Hellebust

Utstillingar og arrangement heile året

Senteret vart etablert i 2011 som eit påbygg for å huse den lokale kunstnaren Hans Gjesme sine verk. Her blir det arrangert utstillingar, konsertar og kulturarrangement heile året.

Lærdalssonen Hans Gjesme (1904–1994) er ein av dei viktigaste kunstnarane i Sogn. Gjesme skildra livet og landskapet rundt seg med eit nært blikk og ei sterk tilknyting til Lærdal.

Samlinga omfattar måleri, teikningar og portrett frå heile karrieren hans.