Personvernerklæring

1. Om Villakssenter Lærdal

Eigaren av denne nettsida er Villakssenter Lærdal.
Adresse: Øyraplassen 14, 6887 Lærdal
Telefon: 97 53 92 92
E-post: post@villakssenter.no

Dagleg leiar er Alf Olsen.
Telefon: 975 39 292
E-post: alf.olsen@villakssenter.no

2. Føremålet med behandling av personopplysningar

I samband med kundeforhold treng me å hente inn opplysningar som namn, adresse, e-post og telefonnummer. Desse opplysningane nyttar me utelukkande for å handtere kundeforholdet. Me tek vare på opplysningane så lenge me har eit aktivt kundeforhold. Du har rett til innsyn i, retting av og sletting av opplysningar me har lagra om deg. Etter at kundeforholdet er avslutta, kan me lagre relevante opplysningar så lenge det er nødvendig for rekneskapsføring, lovpålagde krav eller for å kunne hjelpe deg med historikk dersom du har behov for det.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Me utleverer ikkje personopplysningar til tredjepart, med mindre det ligg føre lovpålagt opplysningsplikt overfor offentlege styresmakter eller det er nødvendig for å oppfylle avtale med deg (til dømes bruk av databehandlarar).

4. Kunderegister

Kunderegisteret vårt inneheld opplysningar som namn, adresse og informasjon om kontaktpersonar, inkludert e-post og telefonnummer. I tillegg lagrar me informasjon om kva tenester og produkt kunden har kjøpt. Opplysningane vert lagra så lenge det er nødvendig for føremålet og i tråd med gjeldande lovverk. Dersom du ønskjer oversikt over kva me har lagra om deg, eller ønskjer å bli sletta frå kunderegisteret, sjå punkt om innsyn, retting og sletting.

5. Informasjonskapslar (cookies)

Villakssenter Lærdal brukar informasjonskapslar (cookies) på nettsida. Cookies er standard internetteknologi som dei fleste nettsider nyttar. Me brukar cookies for at nettsida skal fungere optimalt, for å analysere trafikk, for å gi deg ei betre brukaroppleving og for å kunne tilby tilpassa innhald. Du kan når som helst endre innstillingane dine for cookies via cookie-banneret på nettsida. Dersom du vel å avvise cookies, kan det vere at nettsida ikkje fungerer optimalt.

6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace / Google Analytics
Føremål: Samlar informasjon om korleis besøkande brukar nettsida. Informasjonen vert nytta til å lage rapportar for å forbetre nettsida. Opplysningane vert anonymiserte og gir informasjon om tal på besøkande, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

Eigar: YouTube
Føremål: Lagar statistikk over visningar og bruk av videoar på nettsida.

Eigar: Meta og LinkedIn
Føremål: Samlar informasjon om besøkande for å kunne tilpasse marknadsføring på Facebook, Instagram og LinkedIn.

7. Kontaktskjema

Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida, vert opplysningane lagra i vårt CRM-system. Me lagrar informasjonen for å kunne gi god kundeservice og følgje opp førespurnader. Me tek ikkje vare på opplysningane lenger enn nødvendig. Dersom du ønskjer å bli sletta, sjå punkt om innsyn, retting og sletting.

8. Deling i sosiale medium

Det er mogleg å dele artiklar frå nettsida i sosiale medium (til dømes Facebook og Twitter). Vidare behandling av opplysningar som vert delt i sosiale medium, vert regulert av avtalen du har med det aktuelle mediet.

9. Innsyn, retting og sletting av personopplysningar

Etter personopplysningslova har du rett til innsyn i opplysningar som er registrerte om deg. Du kan kontakte oss for innsyn, retting eller sletting: Villakssenter Lærdal
Øyraplassen 14, 6887 Lærdal. E-post: post@villakssenter.no. Telefon: 97 53 92 92. Dersom opplysningane er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer sletting, kan du krevje dette i samsvar med gjeldande regelverk.

10. Ansvar for behandling av personopplysningar

Dagleg leiar ved Villakssenter Lærdal er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar. Me gjennomfører internkontroll for å sikre at behandlinga skjer i samsvar med gjeldande personvernlovgiving, og at eventuelle avvik vert retta opp.

Har du spørsmål om personvern, kan du ta kontakt på: post@villakssenter.no eller direkte med dagleg leiar: alf.olsen@villakssenter.no.