Opplev, leik og lær

Klipp: Besøkssenter villaks Lærdal og Rick Rosenthal, Wild Logic

Opplev, utforsk, leik og lær meir om villaksen

I Lærdal ligg eitt av fire autoriserte besøkssenter villaks i Noreg. Hjå oss kan du oppleve, utforske, leike og lære meir om villaksen.

Me har ope kvar dag frå 1. mai til 30. september.

Du kan kombinere besøket med ei kunstoppleving på Sogn kunstsenter og nyte god kortreist mat på Laksen bakeri og kafé. Båe ligg i same bygg som oss. Senteret er også eit godt utgangspunkt for tur langs elvi eller dei gamle verna trehusa på Lærdalsøyri

Følg laksen gjennom livet

I utstillinga kan du følgje laksen gjennom oppveksten i elva, vandringa ut i storhavet, tilbake inn fjorden og opp fødeelva til han møter fossen der han ikkje kjem lengre. Målet er å skape refleksjon og vise kva villaksen betyr for oss.

For skuleklassar og barnehager

Me tilbyr skular og barnehagar gratis besøk og omvising eller naturrettleiing ute.

Felles bygg, felles opplevingar

I bygget finn du også Laksen bakeri og kafé og Sogn Kunstsenter. Du kan gå opp på taket, sjå ned på laksane i senteret, nyte utsikta over fjorden og elva, få ei kunstoppleving og god kortreist mat på same staden.

Meir om bygget Øyraplassen 14

Lærdalselvi - Kongen si elv

Hans Majestet Kong Harald er ein erfaren sportsfiskar som tok til som lakse- og sjøaurefiskar i Lærdalselvi. Fyrste gongen i 1951, seinare som fast gjest i over 70 år. I 1984 vart ein fiskeplass i elvi døypt «Kronprins Haralds Mur» . Dette som eit teikn på Kongen si tilknyting til Lærdal og elvi.

Meir om Kongen og Lærdalselvi.

Gytefestivalen i oktober

Gytefestivalen kombinerer naturopplevingar, fagleg innhald og kultur, midt i hjartet av laksens rike. Festivalen går over tre dagar med aktivitetar for alle aldrar, frå flugefiskeverkstad og gytevandringar, bokbad, fagprogram, konsert og dans.