Lærdalselvi
I 2021 vart laksen i Lærdalselvi freda for nokre år framover. Laksen er her, men ikkje i så store mengder at det er lov å fiske etter han. Me håpar at laksefisket kjem att.
Om elvi og laksefisket
Vassdraget startar på høgfjellet og munnar ut i ein sidearm til verdens lengste fjord, Sognefjorden. 1/3 av vatnet vert brukt til å produsere elektrisk straum.
Lærdalselvi er berømt for det gode sportsfisket, den dramatiske naturen og den høge gjennomsnittsvekta på laksen. Gjennom laksetrapper er lakseførande strekning auka frå 25 til 41 km.
Snittvekta til laksen i Lærdalselvi er 7,5 kg, rekordlaksen 26,5 kg. I eit «normalår» vart det fanga 1000-1500 laksar. Elvi har også stor sjøaure.
Besøk av sportsfiskarar, kongelege og rikfolk frå heile verda har skapt arbeidsplassar og verdiar i nær 200 år.