Om laksen - biologi og levande laks

Kor høgt kan laksen hoppa?

Eller korleis han finn vegen frå havet til elva der han vart fødd? Svara finn du i utstillinga saman med anna informasjon om laksen sitt liv. Me fortel om dei ulike stadia frå fødsel (gyting), oppveksten i elva, vandringa ut til det store matfatet i havet og tilbake til fødeelva for å gje liv til nye lakseungar.

Du lærer om leveområda, kva han et, laksen sine sansar og anatomi. Du kan også sjå store levande laksar, lakseungar og sjøaure i observatoriet vårt.

Du ser laksen på film, i montrar eller du kan leika deg og fordjupa deg på våre interaktive skjermar. Du kan teste kunnskapen din i ein quiz for store og små.

Klipp: Besøkssenter villaks Lærdal og Rick Rosenthal, Wild Logic