Om laksen i naturen – økologi
Kom tettare på livet i Lærdalselvi
I denne delen av utstillinga vert du kjent med miljøet laksen lever i. På eit stort kart kan du følja Lærdalselvi opp dalføret og læra om hølar (fiskeplassar) der laksen samlar seg, tiltak for å betre forholda, gyteplassar og laksetrapper.
Sjå og opplev
Me har ei rekke filmar som du kan starte sjølv og velje språk. Ein film tek deg med drone opp dalføret. På «stoppestader» får du mellom anna informasjon om klekkeriet, gamle vatningssystem, småkraftverk, laksetrapper m.m.
Vel du filmar som viser kva som skjer under vatnet, kjem du tettar på livet i Lærdalselvi. Du kan sjå laks og sjøaure på ulike livsstadium, ål, oter, siland, pukkellaks for å nemne noko.