Om laksen og mennesket – kultur og tradisjonar

Sjå korleis fiske og utstyr har endra seg

Laksen har alltid vore viktig for mennesket, men samspelet har endra og utvikla seg over tid. Milepålar i utviklinga går fram av ei tidslinje.

Sportsfisket i Noreg tok til midt på 1800-talet. Den fyrste sportsfiskaren - Mr. Randell – kom til Lærdal i 1847. I utstillinga kan du sjå korleis fiske og utstyr har endra seg over tid.

Vart det eigentleg fanga så mange laksar i gamle dagar? Tek du ein titt i Prins Axel av Danmark si fangstdagbok frå 1930-talet, får du eit svar. Kong Harald har fiska i Lærdalselvi i over 70 år, og har sin eigen plass i utstillinga.

To personer ser på utstilt samling av gamle verktøy og gjenstander i et museum, med informasjonsskilt på veggen.