Om truslane, forvaltninga og framtida

Kva er dei største truslane for laksen?

Dei siste åra har laksebestandane i Noreg gått ned. I mange elvar er laksen freda. For tida er det også slik i Lærdal, men sjøaure er det lov å fiske. Kva er dei største truslane for laksen? I utstillinga kan du bli kjent med truslane i tekst og bilete.

På eit interaktivt kart kan du «symje» mellom elv, fjord og hav og få eit inntrykk av kvar dei ulike truslane er. Ein film fortel om status, med utviklinga i Lærdalselvi som eit bilete på korleis det står til. Ein annan film skildrar forholdet mellom vill- og oppdretta laks.

Me viser fram tiltak som hjelper laksen, og som har virka. Mellom anna tiltak mot sur nedbør, lakseparasitten Gyrodactylus Salaris, pukkellaks og regulering av lakseoppdrett. Brukar me ressursar er det muleg å ta vare på laksen for kommande generasjonar.

Utstilling med informasjonsplakater om villaksen, inkludert bilder av lakselus og utbrudd av lakselus i vann.
Informasjonstavle med tekst 'Snakk med kong salmon' og 'Talk with king salmon', samt et bilde av en laksehodet med en krone på hodet.

Spør Kong Salomon

Får du ikkje svar på alle spørsmåla dine i utstillinga, kan du spørja Kong Salomon. Han er ein robot styrt av kunstig intelligens som hentar informasjon frå det nyaste innan forsking og forvaltning.