Me er blitt autorisert besøkssenter for villaks av Miljødirektoratet

Å bli autorisert besøkssenter av Miljødirektoratet er ein stor milepæl for oss ved villakssenteret.

Det som tidlegare har heitt Nasjonalt villakssenter Lærdal bytter altså namn til Besøkssenter villaks Lærdal og blir autorisert besøkssenter.

Dette er eit kvalitetsstempel som viser at me har solid fagleg innhald og kan formidle kunnskap om atlantisk villaks, leveområda hans og truslane han står overfor. No er me eitt av fire slike senter i Noreg.

Totalt finst det 45 autoriserte besøkssenter i Noreg, som tek føre seg: nasjonalpark, våtmark, skog, rovdyr, villaks, villrein, verdsarv og Oslofjorden. Les meir om besøkssenter hjå Nores nasjonalparker.

Til våren opnar me dørene som Besøkssenter villaks Lærdal. Utstillingane har ikkje endra seg så mykje, men profil og innpakning er ny. Og me vil alltid utvikle oss vidare, sånn at du kan lære noko nytt når du kjem innom.

Me gler oss til sesongopning 1. mai - velkomen!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Klart for sesongopning frå 1. mai 2026

Neste
Neste

Vidar Lillevik tilsett som ny naturrettleiar