Vidar Lillevik tilsett som ny naturrettleiar

Vidar Lillevik får ansvar for å drive naturrettleiing tilpassa kompetansemål på ulike nivå i skuleverket.

Det har aldri vore så lite laks i elvar og sjø som no. Villaksen er trua i heile leveområdet sitt. Dårlegast står det til på Vestlandet.

Naturrettleiar Vidar Lillevik.

Nasjonalt villakssenter er frå 2026 omdanna til Besøkssenter villaks Lærdal med Vestlandet som ansvarsområde.

Målet er ein sterkare villaks i naturen og folk sitt medvit. Vår viktigaste målgruppe er born og unge.

Med støtte frå Vestland fylke, har me drive naturrettleiing tilpassa kompetansemåla på ulike nivå i skuleverket. Me har besøkt ei rekke skular i Vestland dei siste åra. Jobben som naturrettleiar går ut på å formidle kunnskap og bidra til berekraftig forvaltning av laks og sjøaure i naturen.

Rettleiinga går føre seg både inne og ute, gjerne i ein bekk eller elv i nærmiljøet. Elevane får vere med på elektrofiske, innsamling av botndyr, analysar og oppgåver i form av ein natursti. Opplegget har vore godt motteke av både elevar og lærarar.

Vidar Lillevik er engasjert til å føre arbeidet vidare. Vidar er frå Stord, men er busett i Lærdal. Han får ansvar for oppfølging av skular i heile Vestland og er klar for oppgåva.

- For ein ivrig friluftsmann og flugefiskar er det stort å få jobba med dette. Eg ser det som ei veldig viktig oppgåve, seier Vidar.

- Me er glade for å ha Vidar med på laget. Å spreie kunnskap om kva laksen betyr for oss, kva plass han har i naturen, kva me kan gjera for å betre forholda, er viktigare enn nokon gong seier Alf Olsen jr., dagleg leiar i i Besøkssenter villaks Lærdal.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Me er blitt autorisert besøkssenter for villaks av Miljødirektoratet