Daniel Kvammen kjem til Gytefestivalen

Laurdag 24. oktober står Daniel Kvammen på scena under Gytefestivalen i Lærdal. Frå 23.–25. oktober byr festivalen på gytevandringar, foredrag, bokbad, lokalmat og opplevingar for heile familien.

Sidan debuten i 2015 har Daniel Kvammen etablert seg som ei av dei mest markante stemmene i norsk pop. Med Spelemannspris, Målprisen og millionar av strøymingar har han gjort seg kjend for sitt sterke personlege uttrykk og popmusikk på hallingdialekt.

Frå gjennombrotet med Du fortenar ein som meg til det kritikarroste albumet Guta som gret har Kvammen levert låtar som både rører og engasjerer. Med si unike formidlingsevne og sitt nære språk har han vorte eit folkekjært namn, og ein artist som verkeleg har funne si eiga stemme – ein stad mellom det hjartevarme og det allsangvenlege.

Konserten er eitt av fleire høgdepunkt under Gytefestivalen. Gjennom helga kan du òg bli med på guida gytevandringar langs Lærdalselva, bokbad med Lars Lenth, flugefiskeverkstad, yoga, aktivitetar for barn og vaksne, og smake på lokal mat frå festivalmenyen på Laksen Kafé & Bakeri.

Etter konserten held laurdagskvelden fram med gytefest og DJ Trym Ramstad i foajeen på Besøkssenteret for Villaks.

→ Sjå fullt program og billettinformasjon på festivalsida

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Neste
Neste

Utvida opningstider frå 15. juni