Sjå video: Livet under overflata i Lærdalselva - veke 25
I veke 25 fanga undervasskameraet vårt fleire spennande observasjonar i Lærdalselvi. Blant anna passerte tre sjøaurar, ein ål og fleire laksar framfor linsa.
Kva skjer eigentleg under overflata i Lærdalselvi? Kameraet ved Besøkssenter villaks Lærdal gir oss eit unikt innblikk i livet i elva gjennom heile sesongen.
Tysdag 16. juni passerte tre flotte sjøaurar kameraet. Vanlegvis kjem dei fleste sjøaurane i juli, så desse tre var tidleg ute.
Dagen etter dukka det opp ein ål. Ålen har motsett livssyklus av laks og sjøaure. Han blir fødd i Saragassohavet og vandrar opp i elvane for å vekse. Sjølv om forskarane veit kvar ålen gyter, har ingen observert gytinga.
Torsdag 18. juni kom det tre fine laksar forbi kameraet. To av dei stilte seg opp rett framfor linsa. Ser du nøye etter i filmen, kan du sjå lakselus på den eine fisken når han snur seg.
På senteret vårt kan du oppleve, utforske, leike og lære meir om villaksen. Me har ope kvar dag frå 1. mai til 30. september.