Sjå den siste laksen Kong Harald fanga

På videoen ser du tre laksar. Laksen nærast kameraet er hofisken Kong Harald fanga i juni 2026. Klipp: Besøkssenter villaks Lærdal

 

Kong Harald hadde eit heilt spesielt forhold til Lærdal og Lærdalselvi. I juni i år var han tilbake ved elva han hadde fiska i heilt sidan 1951. Det skulle bli hans siste fisketur, og ein av laksane han fanga kan du no sjå på Besøkssenter villaks Lærdal.

Her kan du sjå Kong Harald fiske i Lærdal (skjermbilde). Sjå heile videoen på nrk.no.

Kvart år fangar Besøkssenter villaks Lærdal levande laks som publikum kan sjå på senteret gjennom sesongen. I juni 2026 var Kong Harald med på dette fisket og fanga ein av dei fire laksane som no står på senteret.

Laksen er ein hofisk og blir verande på senteret ut september. I oktober blir ho flytta til klekkeriet. Der blir rogna befrukta og teken vare på fram til klekking, før lakseungane blir fora og etter planen sette ut i Lærdalselvi sommaren 2027.

Deretter blir hofisken sett tilbake i elva. Dersom ho overlever vinteren og ei ny vandring ut i havet, kan ho kanskje vende tilbake til Lærdalselvi for å gyte igjen om eitt eller to år.

75 år med Lærdalselvi

Kong Harald fiska i Lærdalselvi for første gong i 1951. Gjennom 75 år vende han tilbake til Lærdal og laksefisket ei rekkje gonger. Det var også her han fanga sin første, største og siste laks.

Alf Olsen jr. ved Besøkssenter villaks Lærdal var tett på det siste besøket. Til NRK fortel han om den siste fisketuren og om Kong Harald sitt lange og nære forhold til Lærdalselvi.


Les NRK si sak om Kong Harald og den siste fisketuren i Lærdalselvi →

Biletet av Kongen på senteret er teke i 2023. Foto: Besøkssenter villaks Lærdal

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Neste
Neste

Til minne om Kongen og hans lange historie med Lærdal