Lars & Lars kjem til Gytefestivalen
Fredag under Gytefestivalen kan du møte Lars Nilssen og Lars Lenth – duoen som gjennom 30 år har kombinert fiskeglede, humor og engasjement for norsk fiskeforvaltning.
Lars Nilssen og Lars Lenth møtte kvarandre første gong på ein fest for 30 år sidan. Det skulle få store konsekvensar, både for deira eigne yrkeskarrierar og for norske fiskeentusiastar.
Saman med Bård Tufte Johansen laga Lars & Lars 21 episodar i den første serien med Bård og Lars på NRK. Seinare kom dei timelange Tørrfluelandet-filmane og Sjøørretlandet, som tok publikum endå djupare inn i flugefiskeverda og etter kvart har blitt klassikarar blant mange fiskeinteresserte.
Sidan 2010 har dei laga meir enn 200 episodar med Lars & Lars for VGTV. Saman og kvar for seg har dei også skrive ei rekkje fiskerelaterte bøker og artiklar.
Under Gytefestivalen fredag 23. oktober fortel dei historia om korleis det heile starta og korleis dei jobbar. Publikum får også sjå høgdepunkt og bloopers frå mange år med formidling av fiskeglede, tullball og fiskeforvaltningsproblematikk.
Showet er inkludert i festivalpass og fredagspass. Det er også mogleg å kjøpe eigen billett til showet fredag.