Sognefjorden
Sognefjorden er over 200 km lang og 1300 m djup. Laksen har vore viktig for alle som lever langs fjorden.
Sognefjorden
Sognefjorden er Noregs lengste fjord. Han strekker seg frå havet og inn til Jotunheimen. Med eit djup på ca. 1300 meter er den også ein av verdas djupaste fjordar.
Dei indre delane har status som nasjonal laksefjord. Her skal laksen vernast mot negative effektar frå andre samfunnsinteresse. Ytre deler av Sognefjorden har ikkje denne statusen.
Då laksen var talrik, gav laksefiske i fjorden mat og store inntekter. No er store areal i ytre fjordstrøk tekne i bruk til havbruk basert på laksen som husdyr. Indre fjordstrøk er villaksen sitt rike.
Om lag 70 % av all laks som kjem inn Sognefjorden, er på heimvandring til Lærdalselvi.
Fiske i Sognefjorden
Fisket etter laks starta i elvane, så kom fiske i sjøen langs fjord og kyst. Ei rekkje fangstmetodar vart utvikla: sitjenot, kilenot og krokgarn.
Det er registrert nær 100 fangstplassar for sitjenot (lakseverpe), langs den 200 km lange fjorden. Kvitmåla plankar med garnstengsel rundt vart senka ned i vatnet. Fella var open framme og bak.
Laksen søm vanlegvis i dei øvste 10-15 metrane. Frå eit høgt vakttårn (gilja) kunne fiskaren sjå laksen passere den kvite plata. Fella vart stengd i begge endar og laksen fanga.
Laksen søm gjerne i flokk. Det gjaldt å ikkje stenge for tidleg eller for seint.