Lær flugekasting med Matias Lilleheim under Gytefestivalen

Har du lyst til å prøve flugekasting, eller kanskje bli endå betre på teknikken? Under Gytefestivalen til helga får du høve til å lære av den røynde instruktøren Matias Lilleheim.

I år er me så heldige å ha Matias Lilleheim med på laget. I tillegg til å vere ein ivrig flugefiskar er han også ein skikkeleg «kaste-nerd».

Matias vil både demonstrere ulike kasteteknikkar, instruere og hjelpe dei som vil prøve seg. Her er det noko å hente for alle aldersgrupper, anten du er nybyrjar eller har fiska med fluge i mange år.

Aktiviteten går føre seg utanfor Besøkssenter villaks Lærdal og passar for både små og store.

Tid og stad:

  • Laurdag 24. oktober kl. 12.00–14.00

  • Utanfor Besøkssenter villaks Lærdal

Velkomen til ei lærerik og kjekk stund med flugekasting!

👉 Sjå heile programmet for Gytefestivalen

Astri Knudsen

Astri er dagleg leiar og rådgivar i Gasta. Ho er oppteken av god kommunikasjon, smarte digitale løysingar og å gjere det kompliserte litt enklare å forstå.

astri@gasta.no

Neste
Neste

Lars & Lars kjem til Gytefestivalen