Sjå video: Me lærer vinterstøingane på senteret å ete
Laksane og sjøaurane du ser på Besøkssenter villaks i Lærdal no i mai 2026, vandra opp i Lærdalselvi i 2025.
Les også: Ny fisk på plass til sesongopning
Når villaks kjem opp i ferskvatn for å gyte, sluttar dei å ete. Etter å ha stått i elva heile vinteren, er dei derfor ofte både lange og tynne. Dei blir kalla vinterstøingar.
For å ta vare på dei, prøver me å lære dei til å ete. Me slepp små bitar av sild ned frå taket i akvariet, og no har fleire av fiskane byrja å forstå at maten kjem «dalande» ovanfrå.
I videoen under kan du sjå korleis villaks og sjøaure oppfører seg på nært hald inne på Besøkssenter villaks i Lærdal.