Sjå video: Sjøaure på veg ut frå Lærdalselvi for å beite i Sognefjorden
Undervasskameraet vårt har fanga opp sjøaure på veg ut i Sognefjorden for å beite.
Besøkssenter villaks Lærdal opna for sesongen 1. mai. I Lærdalselvi, rett utanfor senteret, har me plassert eit undervasskamera. Kameraet filmar kva som skjer i elvi. Direktebilda viser me på skjerm i utstillinga på besøkssenteret.
Fredag 15. mai mellom kl. 12 og kl. 31 dukka det opp sjøaure framfor undervasskameraet. Truleg er dette sjøaure som er på veg ut i Sognefjorden for å beite. Du kan sjå dei i videoen under.
Visste du at sjøaurane kjem tilbake til elva att etter 60 dagar i sjøen? Slik er det vanlegvis kvart år.
Me gler oss til å sjå kva meir spennande som kjem fram på kameraet vårt den neste tida!
Direktebilda kan du sjå i utstillinga vår som er open kvar dag frå 1. mai til 30. september. Ønskjer du omvising, må det tingast på førehand.
> Les også: Ny fisk på plass til sesongopning
> Les også: Me lærer vinterstøingane på senteret å ete