Sjå video: Laks og sjøaure med lus på veg opp Lærdalselvi
Undervasskameraet vårt har fanga opp fisk med lakselus på veg opp elva.
I Lærdalselvi, rett utanfor senteret, har me plassert eit undervasskamera. Kameraet filmar kva som skjer i elvi. Direktebilda viser me på skjerm i utstillinga på besøkssenteret.
Onsdag 27. mai passerte ein laks kameraet vårt på veg opp Lærdalselvi. Ser du nøye etter så ser du lakselus langt bak på magen til laksen. Lusa toler ikkje ferskvatn og dett av etter ei vekes tid. Fangar du laks med lus, så har du fått den finaste og feitaste matfisken som kjem frå havet.
Dagen etter kom det ein stor sjøaure. Prikkane går lengre ned på magen enn på laksen. Han har langt hovud og krok på kjeven. Det viser at det er ein hannfisk. Også denne har lakselus på seg. (NB! Me har skrudd ned hastigheita på opptaket du ser her, fisken svømmer eigentleg raskare).
På senteret vårt kan du oppleve, utforske, leike og lære meir om villaksen. Me har ope kvar dag frå 1. mai til 30. september.