Video: Vinterstøingar satt ut i fjorden, inn med nye laksar

Fire nye villaks har flytta inn i tanken på besøkssenteret.

Me har nyleg sett dei tynne vinterstøingane ut i sjøen. Etter å ha fått sild var dei i brukbar form. Me vinka farvel og håpar dei kjem tilbake til Lærdalselvi om eit år eller to.

Vinterstøingane er erstatta med fire nygåtte laksar – blanke, feite og fine rett frå sjøen. Dei skal vere i senteret fram til gytinga tek til. Då set me dei ut i elvi eller leverer dei til det lokale klekkeriet.

Besøk oss gjerne i sommar og opplev den fascinerande livssyklusen til den atlantiske villaksen. Senteret har ope kvar einaste dag gjennom heile sommaren, frå 1. mai til 30. september.

Nysgjerrig på livet under overflata? Vi har sett ut undervasskamera som fangar opp livet i Lærdalselva gjennom heile sesongen. Her kan du sjå nokre klipp:

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

Sjå video: Livet under overflata i Lærdalselva - veke 25